Ullandhaugtårnet julepyntes for tjuende år på rad
Lys på Ullandhaugtårnet i adventstid er en tradisjon som er kommet for å bli og som mange gleder seg over. I år er det tjue år siden en liten fem år gammel jente hadde den gode ideen, og søndag blir det markering med lys, musikk åpen kafe.
Ho har sete på bussen forbi Ullandhaug og høyrt folk fortelje om “den vesle jenta”. Ho som fekk ideen om å tenne julelys i Ullandhaugtårnet - og faktisk fekk gjennomslag for det. I år er det 20 år sidan 5-åringen Anja Ariel fekk den lyse ideen på veg til barnehagen.
Se NRK-innslaget som ble laget om den kreative 5-åringen; https://www.nrk.no/video/anja-ariel-5-tende-lysa-paa-ullandhaugtaarnet-i-2001_add21bce-afec-4f6f-b192-2676196f2434
- Det er jo rimeleg flott å tenke på at dette har blitt ein tradisjon som betyr så mykje for så mange, fortel Anja Ariel Tørnes Brekke, som i dag er 25 år og jobbar som journalist i NRK i Oslo.
- Eg har til og med høyrt om folk som droppar juletre fordi dei ser Ullandhaugtårnet frå vindauget heime, smiler ho.
Ser litt ut som ei julegran
Det 64 meter høge tårnet har vore eit lyspunkt over hele Jæren kvar einaste jul sidan, og er ein sterk bidragsytar til julestemninga i regionen vår. I 2019 kjøpte Lyse tårnet av Telenor. Tilbake i 2001 var Anja altså 5 år og passerte dagleg Ullandhaugtårnet på veg til barnehagen. Tårnet hadde i utgangspunktet nokre få lys som skulle vere synlege for fly, og Anja tenkte: Kvifor ikkje tenne fleire lys?
- I tillegg står jo tårnet i skogen og kan minne litt om ei julegran, seier Anja Ariel.
At ein 5-åring skal få oppfylt eit såpass fantasifullt ønske, er inga sjølvfølge. Alle som har møtt ein 5-åring, veit at dei kan drøyme om dei sprøaste ting. Men denne 5-åringen fekk både faren sin, ordføraren og sjefen i Telenor, som den gong eigde tårnet, til å tenne på ideen.
- Det følast større å tenke tilbake på det enn det var i augneblinken. Det er jo eigentleg litt rart at eg fekk ønsket mitt oppfylt, og det berre nokre veker etter at vi sendte brevet, om eg ikkje hugsar feil.
Den vaksne Anja Ariel har fleire år med politisk erfaring bak seg og har lært at slike politiske prosessar kan ta lang tid. Men 5-åringar har så klart ingen kjennskap til verken politiske prosesser eller kor lang tid ting kan ta. Kanskje var det ein fordel i denne samanhengen.
- Der og da tenkte eg jo som ein 5-åring: Ja, så klart skal eg få det som eg vil, ler Anja Ariel.
Alle sine lys
Den augneblinken kor lysa blei tent, hugsar ho godt:
- Det er eigentleg litt pinleg å tenke tilbake på. Du ser veldig tydeleg i videoen at eg var litt skuffa over resultatet. Eg hadde ein klar visjon om korleis det skulle sjå ut: Eg hadde nemleg sett for meg at det skulle sjå ut meir som eit juletre og eg ønska meg ei stjerne i toppen. Men det var stort likevel.
Søndag 28. november blir altså julelysa i Ullandhaugtårnet tent for 20. gong. Møt opp ved tårnet klokka 16:45 du også om du vil få med deg jubileet. Initiativtakaren sjølv innrømmer at ho faktisk ikkje har delteke på tenninga sidan den første gongen i 2001.
- Det er så mange andre som har fått eigarskap til lysa og tårnet. Det følast litt ut som “mine lys” - men samtidig ikkje. Det er alle sine lys, seier ho som no kanskje returnerer heim i år for å få med seg lystenning nummer 20.